JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Debatt

Er bruk av modellar tilstrekkeleg for eit velfungerande barnevern?

10.06.2015
21.08.2023 17:14

Referanser

Bakhtin, Mikhail. (2004). The Dialogic Imagination. Four essays by M.M. Bakhtin. Edited by Michael Holquist. University of Texas: Press Austin.

Bauman, Zygmunt. (1991). Modernity and Ambivalence. Cambridge: Policy Press

Butler, Judith. (1993). Bodies that matters: On the Discourse limits of «Sex». New York: Routledge

Foucault, Michel. (1977). Disipline and Punish: The Birth of the Prison. Hammonworth: Penguin

Lather, Patti. (1991). Getting Smart: Feminist research and pedagogy within the Postmodern. London: Routledge

Popkewitz, Thomas S. (1993). Changing patterns of Power: Social Regulation and Teacher Education Reform. Albany, NY: State of New York Press

Eit argument for multimodalitet i diskusjonar om kvalitet i barnevernsfagleg arbeid.

Kari Søndenå

Professor i sosialpedagogikk, Det samfunnsvitenskapelige fakultet, Universitetet i Stavanger

kari.sondenaa@uis.no

I Fontene forskning nummer 2/2014 finn vi eit debattinnlegg som handlar om korleis vi vert sette i stand til å sjå i barnevernfagleg arbeid (Samsonsen og Willumsen, 2014). Her vert det stilt spørsmålsteikn ved barnevernet sine undersøkingsmetodar i Norge. Slik praksis fungerer i dag, er den såkalla Kvellomodellen i følge forfattarane ein utbredt modell som no er moden for kritisk gransking. Denne modellen er utarbeida av ein privatperson og kommersielt distribuert som eit tiltaksprogram over store deler av landet. Modellen vert karakterisert som ei nasjonal vekkingsbølge, utan at kritiske røystar er høyrde. I debattinnlegget vert det argumentert for ein nasjonalt forankra modell som alternativ til Kvellomodellen. Innlegget er eit viktig innspel i diskusjonen om kvalitet og eksisterande undersøkingsprosedyrar i barnevernsfagleg arbeid.

Modellar kan forståast som ei syntesisering og forenkling av teoriar som vi har tru på i profesjonelt arbeid. Dei står fram som arbeidsreiskap som skal passe inn i mange kontekstar. Sett i lys av i eit sosialkonstruktivistisk paradigme er modellar også konstruerte og influerte av kulturelle verdiar. I barnevernsfagleg arbeid dreier det seg om «best mogeleg måte» å utføre profesjonelt arbeid på og ikkje minst dei verdiar som vert sette i spel meir eller mindre medvite i relasjon til det vi trur kan verte eit best mogeleg liv for eit barn eller ein ungdom. Men ein diskusjon av modellbruk er ikkje den einaste tilnærminga til diskusjon av kvalitetskriterier for barnevernsfagleg arbeid.

Kva vi er i stand til å oppfatte og forstå er igjen avhengig av korleis vi vert sette i stand til å sjå eller tyde, og korleis vi forstår eller tolkar det vi ser. I barnevernsfagleg arbeid handlar dette om å konstruere profesjonelle inntrykk basert på eiga og andre si erfaring, så vel som på teori og skjønn.

Mange og til dels ulike forfattarar tek utgangspunkt i postmoderne tilnærmingar i forståing av sosialt liv, og desse vil hevde at eit objektivt levd liv ikkje eksisterer. Dermed finnes ikkje ei einskild «naturleg verd» med ein tilhøyrande modell. Til dømes vil filosofar og forfattarar som Bauman (1991), Lather (1991), Foucault (1977), Bakhtin (2004) og Butler (1993) ikkje berre argumentere for trua på vitskapen som sosialt konstruert, men også for relevansen av å dekonstruere modellar av alle slag.

Denne dekonstruktiverande tolkingsverksemda må vi utføre for å finne ut korleis idear, verdiar og modellar er relatert til politikk og makt. Med dette som utgangspunkt vert trua på ein kvar modell sett på med skepsis, og som eit utrykk for modernitetens tru på «det store og einaste sanne», som måten med stor M for å lokalisere utfordringar og problem på. Det kan hevdast i ein slik samanheng at barndomskvalitet med utgangspunkt i universelle modellar framstår som resultat av ein normaliseringsteknologi og ein praksis som er uttrykk for manipulering mot bestemte verdiar (Popkewitz, 1993). Det vert sikta til underkommunisering av viktigheita av å forstå variasjonen i folks måtar å leve på. Butler (1993) uttrykte seg slik om modernitetsprosjektet: «… for å få helheten til å virke rasjonell, må de motstridende fortellingene viskes ut, nedvurderes, undertrykkes. En hvilken som helst enhet forutsetter og krever en forutgående voldsgjerning» (Butler, 1993: 37).

Dersom hovudpoenget er å setje oss i stand til å diskutere kritisk korleis ulike modellar fungerer innanfor barnevernsfagleg arbeid, spelar det mindre rolle om modellen er utarbeida av ein privatperson eller om den er vedteken som ein nasjonal modell. Denne kan like fullt tolkast som ei sterk modernitetstru med objektivitet i blikket til den som ser, og som trua på nøytralitet i vitskapelege samanhengar så vel som i profesjonelt barnevernsfagleg arbeid. Det kan vidare stillast spørsmål ved om barnevernet er tent med eit einsidig bakovervendt perspektiv i drøftingar om kvalitet.

Tida er inne for å setje oss i stand til å erkjenne at vi ikkje kan forstå alt, og vi må ha audmjukheit ovanfor det som er ulikt oss sjølve. Konsekvensen av dette er at vi også må ta andre grep i debatten om kvalitet i barnevernsfagleg arbeid enn utelukkande kritisk drøfting av einskilde modellar. Ein modell kan gjerne fange noko, men langt frå alt. Ei neglisjering av dekonstruksjonar og av kva modellar ikkje kan romme, er å undervurdere mangfaldet, tvetydigheita, tida og staden si spesifikke tyding. Det vil vere det same som å sjå bort frå eit viktig potensial for kvalitetsauke i barnevernsfagleg arbeid.

Referanser

Bakhtin, Mikhail. (2004). The Dialogic Imagination. Four essays by M.M. Bakhtin. Edited by Michael Holquist. University of Texas: Press Austin.

Bauman, Zygmunt. (1991). Modernity and Ambivalence. Cambridge: Policy Press

Butler, Judith. (1993). Bodies that matters: On the Discourse limits of «Sex». New York: Routledge

Foucault, Michel. (1977). Disipline and Punish: The Birth of the Prison. Hammonworth: Penguin

Lather, Patti. (1991). Getting Smart: Feminist research and pedagogy within the Postmodern. London: Routledge

Popkewitz, Thomas S. (1993). Changing patterns of Power: Social Regulation and Teacher Education Reform. Albany, NY: State of New York Press

10.06.2015
21.08.2023 17:14